Hei!

Me vil prøva å vera litt  internasjonale, difor utenlansk i teksten. Dette ei underside som fortel at me prøver å halda oss oppdaterte ute på Webben og litt uhøgtidleg stoff her heime ifrå.

Denne sida vil vera usensurert og redigert av Web master ( heimesidesnikkar på den seriøse delen av laget si heimeside). Personar som vert presenterte her er spurde på førehand.

OBS:

 Dersom De som ser denne sida synest att dette ikkje høyrer heime under laget sine sider eller De synest att heimesidesnikkaren skal få lov å leika seg litt, vær venleg å senda e-post til meg.

E-post kan du senda enklaste ved å trykkja på denne adressa : Webb-master`s corner, musikk, for å skriva kva du meiner.

Nytt stoff her på denne sida vil verta liggjande øverst her, det gamle flyttar seg då lenger nedover eit stykkje til det vert tatt av plakaten.

 No har webmaster redaksjonen vore streng og tatt bort dei medlemmer som ikkje står på medlemslista lenger, men det ligg i arkivet -- :-)

Oppdatert 20.09.07

-----------------------------------------------------------

------------------------------------------------

Hornist og Heimesidesnikkar Martin

Underteikna med navn Martin har vore og er fortsatt heimesidesnikkaren i laget

og har det svært godt --- dvs: bestemmer sjølv kva som kjem ut på denne nettsida ---- :-)

Og da er det lett å gløyma å presentera seg sjølv -- :-)

Heimesidesnikkaren er født og oppvaksen på Voss, nærmare bestemt i lia på sørsida av Vangsvatnet.

I arbeidslivet så er underteikna å finna i førarstolen på toget, ansatt i NSB.

Byrja som stort barn i Voss Skulemusikk og var med fram til 1975, da vart musikken lagt på hylla.

Byrja den musikkalske karriere ( ?? ) på althorn.

Far synest det var lite kjekt å høyra på når det kun var etterslag det vart øvd på i heimen,

så etter ei lita stund reiste far til by`n og kom heim att med kornett til musikkanten --

vart litt meir melodiøs øving av det ---- :-) ( kornetten frå Tema ligg fortsatt i heimen nesten u-rørd )

Etter 23 år ( 1998 ) vart det slik at underteikna og Kåno

( tidlegare musikkante nedante sundet ) bestemte oss for at

"No byrjar me i musikklaget --- det ser ut som dei har det svært morro --" -- :-)

Med tanke på at althorn berre er etterslag så vart althorn instrumentet att,

men her har mykje endra seg -- er mange notar å forholda seg til på althorn også --- :-))

No har korpsmusikken vorte ein stor hobby i lag med heimesidesnikkar arbeidet.

I tillegg til denne sida De les på no så er www.lokmartin.net ei side som vert oppdatert svært ofte.

Ang korpsmusikk så er jernbanemusikken i Bergen vorte ein ny plass

der underteikna og Kåno er med å spelar.

No når dette vert skrive så har me vore med jernbanemusikken til Odense,

mykje bilder frå den turen finn De på http://www.jmkbergen.org/ .

Ellers i fritida ( som det er alt for lite av ) er det to gardsbruk å stella med,

men når sola skin så lokkar fjellheimen, og da er det berre å prioritere hardt --- :-))

Til alle som har lyst å spela i korps så er anbefalinga til underteikna:

Dette er morro --- !!

 

----------------------------------------------

Juff jenta Gunn Mari !

Gunn Mari er Vossajente med litt Hardangerblod i årene

og oppvaksen på flatane aust for Vossevangen.

Ho har funne seg ein arbeidsplass blant gutane her i bygda.

Forskjellen på jenta og gutane i dette firma er at dei fleste gutane er ute

medan ho sit inne og er sjef J

Meir om denne arbeidsplasen på www.spilde.no

Tidleg musikkant i skulemusikken og etter nokon år opphald

vart det musikklag på denne glade jenta.

I fritida utenom musikken så er ho ofte å treffa på gang/sykkel vegane i

eit av boligfelta i bygda, og ved sjølvsyn kan denne webmaster fortelja

at det ikkje er noko galt med kondisjonen --- J

 

--------------------------

Kornettjenta frå andre sida av fjellet.

Denne blide jenta er oppvaksen på Brandval,

som ligg ”på” Norges lengste elv aust for langfjella.

Meir om Brandval ved å klikka her http://no.wikipedia.org/wiki/Brandval

Som De ser på bildet så er nok lengselen til elvesusen fortsatt stor -- :-)

Jenta byrja tidleg i korpsmusikken, var berre 9 1/2 år da ho spelte på sin første 17 mai,

hadde da riktignok tjuvtrena på 1 mai året før.

Etter denne begynnelsen i korpsmiljøet så har ho vorte miljøskadd,

dvs. har nesten ikkje vore ute frå korpsmusikken.

Starta med trompet for så å prøva seg på waldhorn ein periode før

lengselen etter trompeten vart for stor att.

I korpset vårt så har størrelsen på instrumentet krympa litt, trompet er vorte til kornett.

Korleis denne jenta kom over på denne sida av fjellet ?

Det vil eg tru at dei fleste skjønar ---

Vossagutane har sansen for smilande jenter med godt humør :-))

Velkommen til bygda og korpset vårt

-----------------------------------

Hesjastreng ( ?? ) er brukande til mykje -- :-)

For dei som ikkje har greie på kva denne "hesjastrengen" er så er det berre å

ta kontakt med jenta på bildene under så får De heilt sikkert svar -- :-)

Jenta med strengen er veteranen i laget vårt.

Oppvoksen i bakkane over Haugamoen og kom tidleg med i korpsmusikken.

I arbeidslivet så pendlar jenta mellom turist-yrket og sauene heime på bruket.

Ser De ei jente med lange lyse lokkar samt ei saxophonkasse i gata på Vangen

så har nok sauene og turistane fått beskjed om at no skal

den store hobbyen ( musikk ) prioriterast :-)

Så til hesjastrengen:

Kva kan denne bunten brukast til

i kveld ??

Feks: G-streng ??

Bildet til høgre

fortel noko anna -- :-)

 

Så til det ferdige resultat av hesjastrengen.

G-streng - B-streng - Ess-streng -- godt humør er det viktigaste --- :-))

 

-----------------------

 

Trommeguten vår.

Oppvaksen i det mest kjente sentrum ei lita mil vest for Vossevangen.

Ikkje store guten ( ikkje så stor no heller --- ) når trommestikkene vart ein kjekk hobby.

Byrja i skulemusikken på Bulken når den vart starta i 1974, gruppa "Vangsgutane" frå 1979 - 1980 samt Bulken Ungdomskorps 1979 - 1994 ( har vore med trommestikkene i ungdomskorpset i ettertid også når dei har hatt aktivitetar ).

Har vore i Voss Musikklag sidan 1995

I arb.livet er han å finna i ein liten raud bil,

og det som manglar der er den svarte og kvite katten -----------!!!

-----------------------------------------------

Kulturnytt oktober 2002--------

Fotoapparatet til web-master stompar innimellom bort i det meste,

og dette bildet under her vert publisert etter reglane i 

innleiinga på denne sida ( sjå over her ).

Desse to til høgre i bildet prøver etter beste evner å få med seg litt kultur,

men plakaten gjer at dei mest truleg snur i døra pga.:

1: Vanskeleg å finna vern for øyrene i rett størrelse og --

2: Greier mest truleg ikkje å vera stille ----

------------------------------------------------

 

Veteran!

Guten på bildet her er absolutt veteran. Den musikalske karrieren byrja i Frelsesarmeen i 1939. Instrumentet då var kornett. Dette spela han fram til 1941. Instrumentet vart då inndratt.

Byrja i laget vårt i oktober 1944 med tenorhorn.

I dag er det Klarinett som er instrumentet og det byrja han å spela på i slutten av 1945. I tillegg til Voss Musikklag så er han å finna i rekkjene til symfoniorkesteret Fossegrimen og Gutemusikken av 1947

I utgangspunktet så har han god tid no når han er pensjonist, men problemet er at han sjeldan seier nei. Eit av hjertebarna hans er friluftsscena på prestegardslandet.

Kan henda litt sterkt å sei at utan han så hadde me forsatt ikkje hatt denne fine utescena, men han er  ialle fall ei sterk medverkande årsak til at utescena er kommen.

Ellers så er jakt og friluftsliv den store interessa. For pensjonistar er det god medisin å komma seg ut i naturen, og i dag er han mykje ute som rovdyrkontakt i Statens Naturoppsyn.

--------------------------------------------------

 

Matgeneralen vår!

Denne jenta vil underteikna med godt samvit kalla matgeneral. Nyttårsball og andre arrangement så er det sikkert ein rimeleg stor kabal dette med innkjøp og tilrettelegging slik at alle til slutt vert mette. I samband med nyttårsballet vårt kan nemnast at egg ikkje er berre egg ---??  Kvifor??  Jau for at eggerøra skal få denne rette fargen (?) så må noko av egga komma frå fri-gåande høner og resten kan komma frå bur-høner -----!!??

Er innflyttar til bygda frå by`n . Etter ei stund i bygda vart Alt-Saxophonen funne fram og Voss Musikklag vart hobbyen. Kva den musikalske bakgrunnen er før ho byrja i laget vårt er webmaster ikkje sikker på, men fingrane har i alle fall ikkje problem å finna fram på sax`en .

I arb. samanheng er ho å finna på Voss Cementvarefabrikk. Har De problem med cementrøyr og anna i samme leia, så er eg sikker på at De får hjelp

-------------------------------------------------

Dama på bildet over her i sitt rette element ----???

Oppvoksen i eit kjent dalføre her på bygda, og byrja som ungjente i musikken. Etter mange år pause så er korpset vårt ein av hennar hobbyar og her spelar ho Kornett. Likar seg også på revyscena. 

Fritidsproblem har ho ikkje, dersom det ikkje er skulearbeid ( student for tida ) så er det mykje anna å finna på. 

Motto: Ut på tur, aldri sur ----!!!

-------------------------------------------

Denne guten kan me med godt samvit kalla LOTTERIGENERAL

På bildet er det julelotteritrekninga 2001 som er gjennomførd.

Guten er oppvoksen på Voss, og var ikkje store karen før skulemusikken vart hobby. Etter den tid så har B-tubaen vore fast fylgje. Kvifor det vart tuba som instrument skal vera usagt, men gamle noteinstruktøren var framsynt og såg for seg ein røsleg kar for eit så stort instrument ------??!!

Sjølv om han ikkje er så gammal (??) så kan han reknast som veteran i laget.

 Kvardagen er på ei av dei store bedriftene på Voss, Sylvsmidja, der webmaster trur at det er mykje smått å bruka fingrane på ( dvs.god tolmodigheit ).

-----------------------------------------------

foto: O Stenrud

Frå utenlandsavdelinga vår har redaksjonen mottatt dette bildet. Kva som føregår her skal vera usagt, men web-master har tru på at trombonistane har pause i spelinga og  nyt den fine spelinga til dei andre.

Om det kjem noko frå ”oven”, slik som innsendaren undrast på, vert oppgåve for Dykk. Svar eller kommentar kan sendast ved å klikka på adressa her, post-webmaster.skmo eller at De skriv i gjesteboka

Bildet er tatt for nokre år sidan då ein gjeng frå laget var til Hellas og spelte i bryllaup.

-------------------------------------------

På denne sida byrjar det å verta mykje, ( og meir vert det ), og med det så tar det MEEEGET lang tid å laste ned sida for dei som har sveivetelefonlinje til internett,  så difor er det delt opp.

Vil De finna att presentasjoner frå tidlegare,  så kan De klikka her