Startside Medlemsinfo siste nytt Rekruttering om musikklaget Øvingsplan Historie Medlemsliste Dirigenten Bildelinker musikk Linker

 

Litt frå historien til Musikklaget.

Laget er skipa i 1880 og er det eldste korpset i bygda. Korpset er det nest eldste i Hordaland fylke og eit av dei eldste i landet..

Frå lagssoga som vart skrive til 100 årsjubileet kan me bla. lesa dette.:

I "Vossaboki" av Lars Kindem står det i avsnittet, Song og Musikk, :

Nokre unge gutar, 8 i talet, vart i 1880 samde um at Vangen skulde få seg hornmusikklag.

Dei kjøpte instrument frå Tyskland og fekk ein gamal militærmusikar,

Reinert Johannesen, til å læra seg å spela.

Bilde av den første dirigenten, Reinert Johannesen.

 

Vidare i lagssoga kan me lesa at året 1886 har vore eit aktivt år,

bla. vart det halde eit viktig møte der det vart vedteke namneendring

til Vossevangen Musikkforening "GJALLARHORN".

Det vart også vedteke lover for laget.

Frå dei første vedtektene kan me lesa bla.:

§2: Dens mål er at vække sans for musikk.Den søger derfor at bringe sine medlemmer kundskap og ferdighet i praktisk såvelsom theoretisk musikk.

§5: Til indøvelse af de enkelte stemmer har de aktive at indfinde sig hos instruktøren til den tid som bestemmes af styret.

§7: Den som ikke til hvert fremmøde medbringer de nødvendige musikaler og instrumenter i ordentlig brugbar stand, bøder i hvert enkelt tilfælde med fra 10-ti til 50-femti-øre.

 

Framover den første tida heldt musikkforeningen konsertar som dei kalla "aftenunderholdning".

Fin kritikk fekk dei i avisa etterpå.

Speling 17. Mai har vore eit av musikklaget sine faste oppdrag heilt frå starten,

og laget har alltid fått rosande omtale for sin "velvillighed".

Vidare kan me lesa at i 1919 skifta laget namn til "Voss Hornmusikklag". Sjølv om det vart skipa eit nytt korps på Voss i 1930 i Vossvangen arbeiderlag, noko som svekka Voss hornmusikklag, heldt hornmusikklaget det gåande no med ca. 20 medlemmer.

I 1934 vart det etter ynskje frå fleire av medlemmene i Voss arbeidarmusikklag og Voss hornmusikklag halde eit møte for skiping av eit nytt, fritt og upolitisk musikklag med eigen kapital.

Voss Musikklag er namnet som er brukt etter dette.  

 

I tida utover frå 1934 har vore ei vanskeleg tid. Laget har i fleire periodar vore utan dirigent. Ein bagatell som kjøp av huer laga svære økonomiske problem og den saka gjekk igjenn i lengre tid.

Under krigen (1940 - 45) var det for det meste stille.Medlemmene tok vare på instrumenta sine og når krigen tok slutt var Voss Musikklag igang att.

 

Etter denne tid er det mykje skrifteleg materiale, nok til å skriva bok.

Her stoppar me, men ein liten ting må med,

og det er jentene sin innmarsj i eit mannsdominert miljø.

Det begynte med ein dameklubb av det som vart kalla "musiker-enker",

og den vart skipa 3 november 1956.

Desse "enkene" samlast kvar 14 dag i heimen til ein av medlemmane (samlingsplass gjekk på omgang). Dei strikka og broderte ting til utlodding,

og dette førte til at det vart meir sosialt samvere i laget.

Damene var og med å hjelpte til når laget hadde tilskipingar,

fekk ansvaret for årsfestar, ordna med lotteri og basarar og var med på turar.

Høsten 1963 vart den første jenta funne verdig å overførast til Voss Musikklag

som utøvande musikant.

Voss Musikklag vart rett etter krigen tilslutta lands og fylkesforbund.