17 Mai 2010 er vel gjennomført for VML.

 

Tradisjonen tru møtte me på Nyre kl. 06.45

og der vart me som vanleg møtt med kaffi og kake :-)

 

 

Tale til laget frå Nyre grendalag ----

 

 

--- og overlevering av presang og diplom til leiaren vår som i år hadde sin 17 mai nr 40 i musikken :-)

 

 

Musikkantane nærmar seg klar for dagens første speling,

og ei av utfordringane er å sjå notane ---- gjekk svært bra denne synshjelpemiddelkombinasjonen i dag --- :-) :-)

 

 

Publikum på Nyre ventar på salutten og "Ja, vi elsker".

 

 

Salutten går og etter det spelar me  "Ja, vi elsker"  og ein marsj ---

 

 

----- før me byrjar turen mot frokost.

 

 

Publikum på Nyre går i tog bak musikklaget gjennom nabolaget før dei fortsett med 17 mai frokosten sin.

 

 

Voss Musikklag er snart ferdige med første speleøkt, klokka er no ca 8.00.

 

 

No vert det godt med frokost ---- :-)

 

 

Frå barnetoget har me fått tilsendt nokre bilder frå Olav Stenrud.

Meir om Olav finn De på denne linken http://bruhuset.com/

Mange Takk for bilder.

 

 

--

 

 

--

 

 

Svein Ulvund, www.vossnow.net , var også på vangen med kamera.

Mange Takk til Svein for bilder som me kan bruka her på nettsida :-)

Frå barnetoget.

 

 

Ettermiddag og folketog

og me har fått fanbærar og duskejenter på plass :-)

 

 

Tre bilder til frå S. Ulvund,

fanebæraren og duskejentene klarte seg svært bra gjennom gatene, Takk for hjelpa !

 

 

Me er komme tilbake på idrettsplassen og skal spela nokre nasjonalsanger.

 

 

Mange Takk til 17 mai komiteen

 som i år hadde ordna med kvilebenker og tørstedrikke til oss !

 

 

Avsluttar med eit bilde som no er historie.

Gutemusikken av 1947 har no, i følge dei sjølve, spela sin siste 17 Mai ,

og avslutta med eit marsj porpuri til publikum under høgtidinga av dagen på idrettsplassen.